Apr 25, 2009
Update
Er tydlegvis lenge mellom kvar gang eg får somla meg til å skrive her....Kanskje er det studiene som tar for masse tid....Blir ikkje mindre travelt den kommande måneden i hvertfall - nå startar eksamenstida. Ønsker alle studentar lykke til:)
Feb 18, 2009
Update
Ein liten update fra meg. Livet gjeng i det samme, er opptatt med skule og studier mesteparten av tida. Var heime ein tur forrige helg for å jobbe, er alltid koseleg å komme heim. Denne uka her er det vinterferie og eg har ei litt roligare uke på enkelte plan - men det er likevel nok å henge fingrane i. Dei nye faga me har starta opp med, er veldig interessante og forelesarane er flinke. Generelt har me hatt fleire interessante fag i år enn i fjor (med få unntak...)
Feb 4, 2009
Jan 7, 2009
Defiance
Ein av filmane eg gledar mest til, med bl.a Daniel Craig i ein av hovedrollene, hadde UK-premiere i går. Dessverre må vi vente heilt til april før den kjem på norske kinoer. Har aldri fatta kvifor premierene må vera til så forskjellige tider.....
Dec 4, 2008
Nov 9, 2008
Quantum of Solace
Som alle andre Bond-fans hadde eg skyhøge forventningar til den nye Bond-filmen. Dessverre må eg sei at eg er relativt skuffa. Filmen er heilt grei, men ikkje noko meir. Skuespillerne spiller bra, musikken er bra og den har nok av action og spenning - men det er alt. Utover det er filmen altfor kort, og det er til tider vanskeleg å henge med for alt skjer så fort - litt sånn rollercoaster-movie. Sjølv om det er masse action, minner den meir om ein vanleg action film enn ein Bond-film. Alt i alt; ein liten nedtur.....
Aug 27, 2008
The Dark Knight
Som nevnt, er eg ein stor Bond-fan, men eg er og ein stor Batman-fan. I sommar hadde den nye Batman-filmen "The Dark Knight" premiere. Det er ein film eg anbefaler på det varmeste til alle som ikkje har sett den. Christian Bale fortsetter som Batman (han spilte og Batman i "Batman Begins" frå 2005) og avdøde Heath Ledger spiller rolla som skurken Joker. Bale er den beste Batman så langt, og Ledger's tolkning som Joker er noko av det beste eg har sett ever. Filmen har alt ein kan tenke seg av spenning og underholdning - alt i alt; ein knallfilm.
Nytt skuleår
Ja, nå har eg tatt fatt på eit nytt skuleår. Me hadde "myldredag" på fredagen og denne uka starta me opp med ordinær undervisning. Blir spennande å sjå korleis det går utover året - eg for min del, trur dette blir et bra skuleår.
Subscribe to:
Posts (Atom)