Nov 9, 2008

Quantum of Solace

Som alle andre Bond-fans hadde eg skyhøge forventningar til den nye Bond-filmen. Dessverre må eg sei at eg er relativt skuffa. Filmen er heilt grei, men ikkje noko meir. Skuespillerne spiller bra, musikken er bra og den har nok av action og spenning - men det er alt. Utover det er filmen altfor kort, og det er til tider vanskeleg å henge med for alt skjer så fort - litt sånn rollercoaster-movie. Sjølv om det er masse action, minner den meir om ein vanleg action film enn ein Bond-film. Alt i alt; ein liten nedtur.....